Post 8: Bakkeåsen

Utgangspunkt: Brua over Aura

Parker ved busskuret. Fylg raudmerka stig oppover høgre side av elva. Jamn stigning heile vegen. Mot slutten passerar du "Treet", som og er eit fint turmål. Merk at Spildra kan vere vanskeleg å krysse ved stor vassføring. Litt over tregrensa går det av ein umerka stig ned til setra på Bakkeåsen. Ein kan og gå denne turen med austenden av Aursjoen som utgangspunkt.



Eit ras har gått ovafor Treet og heilt ned i Spildra. Det heng framleis att ein god del lausmassar over stigen. Difor har vi sett oss nøydt til å lage ei lita «omkøyring», som fylgjer delar av ein gamal seterveg. Fylg dei blå banda frå ovafor Treet og til rett føre Spildra.

Merk og at på stigen frå Aursjodammen har vi ikkje skilta den fyrste avstikkaren ned til Bakkeåsen, sidan den er heilt attgrodd.


Kart: 1518 I Skjåk