Utgangspunkt: Rasteplassen før Oppljostunnelen
Parker på
rasteplass før Oppljostunnelen. Det er ikkje stig eller merking å fylgje på
denne turen. Skrå sør-austover over Holene oppover fjellsida, mot lågaste
punktet i skaret innanfor ei markert høgde. Istjørni (1266 moh.) ligg rett
innanfor dette skaret. Posten står ved utløpet av tjørni. Ein kan òg gå
austover frå rasteplassen til midt på Nørdre Lægervatnet der bekken frå
Istjørni kjem ned, og så fylgje denne oppover, men denne ruta er noko brattare.
Fint å fiske!
Kart: 1319 III Tafjord/ 1418 I Skridulaupen
GPS-koordinatar: 32V 0418304 UTM 6875177
Posten vart tatt ned den 6. oktober.