Ski- og ishockeyutstyr til flyktningetenestene i Lom og Skjåk

Som eit tiltak for å inkludere flyktningar i idrettslag, har Norges Idrettsforbund oppretta Flykningefondet som i 2016 delte ut 3 mill kroner til ulike integreringsprosjekt i Noreg. Idrettslaga i Lom og Skjåk sendte kva sin søknad og fekk tilsaman innvilga 30 000 kr til innkjøp av ski- og ishockeyutstyr. Idrettslaga har gjort felles innkjøp og vi vil takke Sport 1 i Lom og Tor Lien Sykkel og Sport i Skjåk for svært rimelege prisar på utstyr. Flyktningetenestene i Lom og Skjåk vil få overlevert utstyret og organisere utlån på tvers av kommunene etter behov. Størsteparten av skiutstyret vart i dag overrekt flyktningetenesta i Skjåk, medan hockeyutstyr og skileikpakke vil bli overlevert til flyktningetenesta i Lom. Idrettslaget takkar NIF for tildelinga og håpar utstyret kjem til god nytte i mange år framover.

8 par ski, 7 par skisko og 2 par stavar vart ovelevert til flyktningetenesta i Skjåk i går.