Idrettslaga i Lom og Skjåk ynskjer eit tettare samarbeid slik at ein saman kan tilby eit breidare idrettstilbod i bygdene. Ein del av dette samarbeidet inneber at du som medlem i Skjåk IL betaler du halv medlemskontingent i Lom IL. Det same gjeld for medlemmar i Lom IL som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Skjåk IL. Skigruppa i Lom IL arrangerer treningar i skuleferien, og alle skjåkværar er velkomne til å delta. Desse øktene passar dei fleste, og du treng verken vere skiløper eller topptrent for å vere med. Om du er mest ivrig på fotball, handball eller andre idrettar vil du uansett ha utbyte av desse øktene. Det er og mogleg å låne rulleski for dei som ikkje har det. Vel møtt!
Treningsplan sommarferien 2016
Treningsform
|
Oppmøtestad
|
|
Torsdag 23/6 kl 1800
|
Roleg og lang joggetur
|
Grov
|
Torsdag 30/6 kl 1800
|
Løpsintervall. 2 min drag, 30 sek pause. Justerer
antal drag etter nivå, men maks 10
|
Nordre enden på Liabrue
|
Onsdag 5/7 kl 1800
|
Styrketrening og
stafettleikar
|
Grov
|
Torsdag 14/7 kl 1800
|
Rulleski klassisk, langtur
|
Tronodbrue
|
Torsdag 21/7 kl 1800
|
Pyramideintervall, elghufs
med stavar
|
Nordre enden på Liabrue
|
Torsdag 28/7 kl 1700
|
Kombiøkt, rulleski skøyting
og styrketrening
|
Tronodbrue
|
Torsdag 04/8 kl 1800
|
Roleg og lang joggetur med
stavar
|
Oppmøte Grov, samkjøring til eigna plass.
Kjem etterkvart
|
Torsdag 11/8 kl 1800
|
Styrketrening og
stafettleikar
|
Grov
|