Fotballgruppa i Skjåk Idrettslag arrangerer TINE fotballskule for jenter og gutar i alderen 6-12 år (fødde 2004 - 2010)
laurdag 13. august – måndag 15. august 2016 på Bismo stadion. Fotballskulen er frå kl. 10.00 – 15.00 laurdag og søndag og kl. 09.00 – 15.00 måndag.
Desse dagane står
fotballaktivitetane sentralt. Det blir varierte treningsøkter,
fotballkampar og turneringspel. Det blir ei økt med keepertrening på 1,5
time laurdag for alle som ønskjer det (6-12 år).
Søndag blir det ei økt på 1,5 time for dei i alderen 10-12 år. Det er
plass til maksimum 30 deltakarar på keeperøktene og registrering må
gjerast ved påmelding til fotballskulen. Første mann til mølla gjeld…
Ansvarlege instruktørar vil vere trenarar frå fotballgruppene i Lom og Skjåk.
Fotballskulen kostar 500 kr pr. spelar. Beløpet dekkjer eit måltid og frukt kvar dag. Alle
deltakarar får ei utstyrspakke.
Velkomen til TINE Fotballskule i Skjåk!
PÅMELDINGSFRISTEN ER MÅNDAG 1. JULI 2016. Det er maksimum 100 plassar og første mann til mølla gjeld…..
Utført betaling gjeld som påmelding.
Kontaktpersonar:
Sportsleg ansvarleg:
Marius Andreassen. Tlf. 924 67 524 E-post:
marius.andreassen@no.ey.com
For spørsmål om påmelding, betaling m.m.:
Hans Sæther. Tlf. 909 61 361 E-post:
hans_saether@hotmail.com