Alternativt kan du gå opp på setrene og fylgje råket mot Heggebottflya ein god stubb før du kryssar Heggeåi mykje høgare oppe.Då blir turen ein god del lengre.
Elles vil Fjellgeita opplyse om at vegen opp mot Heggebottsetrene er stengt med låst bom rett ovanfor RV15.
Det er mogleg at denne bommen kan bli opna i løpet av sommaren/hausten. Dette saman med den høge vassføringa i Heggeåi gjer at det kanskje kan vere greitt å vente litt med Heggebotthovden.
Heile turbeskrivinga finn du her.
God tur!