Post 3: Skjåkstrondi

Utgangspunkt: Dalaveigen

Turbeskriving: Frå parkeringa ved sandtaket nedst i Dalaveigen går den raudmerka stigen oppover lia. Fylg skilting mot Ånstad/Skjåkstrond. Stigen svingar så vidt innom ein skogsbilveg før han tek av att på stig og flatar noko ut. Alternativt kan ein parkere ved Ånstad, og fylgje RV15 ca 100 m vestover før ein tek av mot venstre og fylgjer raudmerking mot Vigstad/Skjåkstrond. Denne varianten er meir kupert, og fylgjer dels stig og dels skogsbilveg.

GPS-koordinatar: 32V 0465801 UTM 6859981

Kart: Turkart Skjåk