Skjærtorsdag 24.mars vart Påskesprinten arrangert på Grotli.
Fint ver, blide folk og fine forhold i løypene gjorde dette til eit strålande skirenn.
I alt 167 løparar i alderen 2 til 60+ gjennomførte rennet som fyrste gong vart arrangert i 1963. Resultatlista for 7-69 år finn du her.
Skigruppa vil gjerne takke deltakarar, medhjelparar og ikkje minst Grotlifolket for innsatsen og for at de bidrog til at dette vart ein svært vellykka dag!
God påske!