Fjellgeitkveld 2014

Fjellgeitkvelden 2014 finn stad på Skjåk Turistheim torsdag 20.november klokka 18:00.

Fjellgeita fyller 10 år i 2014, og dette vil bli markert. Det blir utdeling av t-skjorter, merke og koppar. Dei fjellgeitene som i år har gått turar for tiande gong, vil få ein ekstra flott premie!

Som vanleg blir det ljosbileteframsyning frå årets turar. Sjå her om du vil ha med bilete frå dine turar.(NB! Hastar!)

Konferansier: Ordførar Rolv Kristen Øygard

Servering.
Flotte uttrekkspremiar.

Velkomen til små og store fjellgeiter!