Post 2: Flyvraket ved Heilstuguvatnet

Utgangspunkt: bommen på gamle Strynefjellsvegen

Parker ved bommen før Heilstuguvatnet. Gå over hengjebrua over Måråe, og fylg deretter stig oppover langsmed elva. Posten står ved flyvraket rett opp for utløpet av Heilstuguvatnet. Flyvraket er etter eit tysk Heinkel He 111 bombefly som styrta her 27. april 1940 under kamp med ein britisk stupbombar som seinare måtte naudlande på Breidalsvatnet. Stutt tur. Er det ynskjeleg med ein lengre tur kan ein gå frå Grotli hotell, og sjå utstilling om flyet der.

Kart: 1418 I Skridulaupen
GPS-koordinatar: 32V 0427950 UTM 6873565


Posten vart tatt ned den 6. oktober.