Invitasjon til årets skisamling på Sognefjellet 2017

Samlinga vil gå føre seg frå fredag 2. juni til sundag 4 juni.
Løpare fødd i 2007 og eldre er velkomne til å delta på Sognefjellet denne helga.

Prisen for opphaldet denne helga blir 780.- inkl. alle måltid pr.døgn. Dette gjeld både utøvarar og vaksne. Dvs 1560 kr for helga. Løpere under 12 år betaler halv pris.
I tilegg til denne prisen kjem løypeavgift på 80.- pr. dag.
Det vil bli 2 treningsøkter kvar dag,ei skøyting og ei klassisk.


Skisamlinga er ei sosial helg både for utøvere, foreldre og trenare. Dei foreldra som ikkje har anledning til sjølv å vere med, må sjølv gjere avtale med andre foreldre som kan ta ansvar for sin utøver.

I forbindelse med skisamlinga på Sognefjellet, vil vi be den enkelte om å ta stilling til om dei kjem til å bli med på samarbeidet for 2017/2018. Dette for at vi i styre betre kan få planlegge og tilpasse antal trenare på samlingane, og ein viss forutsigbarheit i forhold til økonomien. Treningsavgifta for kommande sesong vil fortsatt vere 1000 kr (750 for barn nr to).

Håpar at mange kan vera med på samling denna helga!

Frist for påmelding: 5. mai til din klubbkontakt.
Veit fristen er kort, men dei på Sognefjellet har mange som står i kø for å bestille hjå dei, og må få beskjed så fort som mogleg.


Klubbkontakt i Skjåk er Lars-Egar Haugen