Friidrettsgruppa manglar fortsatt folk

Det lukkast oss ikkje å finne ny leiar og sekretær til friidrettsgruppa til årsmøtet i idrettslaget. For at vi skal kunne vidareføre eit friidrettstilbod i kommuna, er vi avhengige av at folk vil vere med å organisere aktiviteten.

Med ny løpebane og eit elles flott friidrettsanlegg i Bismo, vil det vere synd om friidrettsgruppa skulle bli nedlagt. Om du ynskjer å vere med på å vidareføre friidretten i Skjåk, eller har tips om moglege kandidatar, blir vi svært takknemlege om du tek kontakt.

Hallgeir Garmo, 90985821 dl@skjåkil.no