Skisamling Sognefjellet 22.-24.mai

Samlinga vil gå føre seg frå fredag 22.mai til sundag 24 mai, og er for løparar frå heile Norddalen.

Løparar fødd i 2005 er velkomne til å delta på Sognefjellet denne helga.
Det blir med dyktige trenarar, men det er ikkje heilt klart enda kven som blir med.

Prisen for opphaldet denne helga blir kr. 620.- pr.døgn (inkl. alle måltid),
Løparar under 12 år betaler halv pris.
I tillegg kjem løypeavgift på kr. 80.- pr. dag.

Det vil bli 2 treningsøkter kvar dag,ei skøyting og ei klassisk.

Skisamlinga er ei sosial helg både for utøvarar, foreldre og trenarar.

Håpar at mange kan vera med på samling denne helga!



Påmelding til Espenaurmo@hotmail.com innan 5.mai.


Program:

Fredag 22. mai

  *   Kl 18.00 og utover: frammøte/ innsjekk
  *   Kl 19.00- 20.00: middag
  *   Kl 20.00: sosialt samvær
  *   Kl.21.30: kveldsmat

Laurdag 23.mai

  *   Kl 07.30-08.30: frokost
  *   Kl 9.30- 11.00: treningsøkt 1
  *   Kl 11.30-12.30: lunch
  *   Kl 13.30-15.30: treningsøkt 2
  *   Kl 18.30-20.00: middag
  *   Kl 21.30- 22.00: kveldsmat

Sundag 24. mai:

  *   Kl 07.30-08.30: frokost
  *   Kl 09.00-10.30: treningsøkt 1
  *   Kl 10.30- 11.30: lunch
  *   Kl 12.30- 14.00: treningsøkt 2
  *   Heimreise

Du finn og informasjon her.