Post 9: Lendholet

Utgangspunkt: Dalom

Køyr innover Dalom på venstre sida av Skjøle til parkeringsplass/vegkryss. Fylg raudmerka stig oppover mot Lendhytta. Ta til høgre forbi ei sauinnhegning når du kjem opp i tregrensa og kryss Lenda på merka bru. Det er ein del kjørr langs Lenda. Gå difor i overkant av mosegrodd haug og deretter mot Lenda att. Fylg vestsida av Lenda opp til Lendholet  ca. 1660 moh. Tung tur med ein del stein på slutten. Fin utsikt. Ved Lendholet ligg Lendbreen der det er gjort mange arkeologiske funn i seinare tid.

Det er merka med små vardar mellom sauinnhenging og bru over Lenda. Ved brua står det ein stolpe. Tørt og fint å gå da posten vart oppsett 27.6.

Kart: 1518 I Skjåk
GPS-koordinatar: 32V 0464131 UTM 6854857


Oppdatering: Posten vart tatt ned den 30. september.