Post 7: Istjønne

Utgangspunkt: Rasteplassen før Oppljostunnelen

Parker på rasteplass før Oppljostunnelen. Det er ikkje stig eller merking å fylgje på denne turen. Skrå sør-austover over Holene oppover fjellsida, mot lågaste punktet i skaret innanfor ei markert høgde. Istjørni (1266 moh.) ligg rett innanfor dette skaret. Posten står ved utløpet av tjørni. Ein kan òg gå austover frå rasteplassen til midt på Nørdre Lægervatnet der bekken frå Istjørni kjem ned, og så fylgje denne oppover, men denne ruta er noko brattare. Fint å fiske!

Kart: 1319 III Tafjord/ 1418 I Skridulaupen
GPS-koordinatar: 32V 0418304 UTM 6875177


Posten vart tatt ned den 6. oktober.